Help get this topic noticed by sharing it on Twitter, Facebook, or email.

NTUSER.DAT - File is open. Delayed...

NTUSER.DAT

Hei.
Tar backup av Windows 8-pc med to brukere.
Jotta-klienten går på min bruker.
For den andre brukeren tar eg backup av heile bruker mappa.
F.eks.: C:\Users\xyz

Har eit problem med at filene "NTUSER.DAT", "ntuser.dat.LOG1" og "ntuser.dat.LOG2" ikkje kan takast backup av så lenge bruker "xyz" er innlogga, fordi filene er opne ("File is open. Delayed...").

Dette gjer at klienten "sirkulerer" mellom å prøve å ta backup av desse 3 filene konstant. Dette fører til at Sync-mappa slit med å halde seg oppdatert.

Forstår at dette er filer det kanskje er ønskelig å ta backup av, iom at dei inneheld ein del informasjon. For meg er ikkje desse filene kritisk, og eg har eit ønske om å kunne "ignorere" dei, eller at klienten automatisk kan setta dei på "pause" etter f.eks. 5 minutt med forsøk på å ta backup, og så heller prøva igjen om f.eks. 1 time.

(Ser kanskje at det er mogleg å ikkje ta backup av "C:\Users\xyz\", men heller legge til alle dei undermappene eg treng backup av. Problemet med dette er at eg manuelt må passe på om det blir oppretta nye mapper, for så å legga dei til i Jottacloud.)

Finnes det ein måte rundt dette problemet?
Kan det eventuelt planleggast ei løysing for dette?

På førehand takk for all hjelp.
2 people have
this problem
+1
Reply